På plakaten

KORe´Vindafjord holdt minikonsert på VindaFesten

Vindafjord kommune sin fest for tilsette


Vindafjord kommune arrangerte tre like VindaFest kveldar for dei tilsette og KORe´Vindafjord hadde minikonsert før sjølve programmet starta, Det var veldig kjekt og koret fekk gode tilbakemeldingar frå mange av tilhøyrarane. Takk for at koret fekk lov til å delta med minikonsert på VindaFesten. 

Jula med KORe´ Vindafjord 2022


Det nærmar seg jul, og i den samanheng vil KORe´ Vindafjord, tradisjonen tru, setje opp julekonsertar i to av kyrkjene i Vindafjord. Koret har måtta avlyse julekonsertane dei to siste åra grunna Covid-19. I år er det ingen fare, trur me, så me kjem til å ha julekonsertar i Imsland og Vikebygd. I tillegg til desse vil koret opptre på Haugesund Sparebank sin årlege grautfest. Her er oversikta over datoar og stad:

 

  • Tysdag 6. desember: Vikebygd kyrkje
  • Onsdag 7. desember: grautfest Haugesund Sparebank
  • Torsdag 8. desember: Imsland kyrkje

Klar for ny seSONG...


KORe' Vindfjord gler seg til å starta opp igjen etter sommarferien


Etter ein velfortent sommarferie brakar det laus med ny sesong. Koret startar opp med øvingar 30.august, og er klar for sitt vante korseminar på Stord hotell 16. - 18. september. Då skal det øvast på repertoaret til julekonsertane i Imsland og Vikebygd (dei har desseverre blitt avlyst grunna Covid-19 dei to siste åra). I tillegg startar koret også opp med songar til storkonserten våren 2023, arbeidstittel på denne konserten er "KORe' Vindafjord utan grenser". Her vil koret plukka ut sine favortittar uavhengig av sjanger eller tema. Dette gler me oss til. 


Forutan alt dette vert det nok småkonsertar og anna fortløpande. Følg med på heimesida vår og/eller vår Facebookside. 

VELLUKKA MINIKONSERT PÅ SJØPERLO


Onsdag 8. juni holdt KORe' Vindafjord minikonsert i samband med sitt 15 årsjubileum som kommunalt kor. Denne gong var det "Nordiske Perler" som stod på agendaen, og kva er vel betre då enn å halda intimkonsert på Sjøperlo, kultur og læringssenteret i Vindafjord. Med flygel og akustisk kor, fekk dei frammøtte nordiske perler servert på ei snor, krydra med tre soloinnslag frå Helge Frøland, Gunn Rakel T. Jarmer og sjølvaste dirigenten Lasse Jarmer. Intimkonserten husa heile 30 interesserte og lystige tilhøyrarar i salen. Lokalet på Sjøperlo gav god akustikk og stemninga var flott denne kvelden. No tek KORe' Vindafjord sommarferie fram til oppstarten igjen i august. Då reiser, tradisjonen tru, koret på seminar på Stord hotell for å førebu julekonsertar i kyrkjene i Imsland og Vikebygd. Så får me kryssa fingrane for at desse konserane ikkje vert avlyst igjen, som dei har blitt dei to siste åra grunna covid-19. 


Sjå videoen "Hvad gør vi nu..." frå konserten her.



KORe' Vindafjord ønskjer alle ein god sommarferie. 

Nordiske Perler

KORe' Vindafjord inviterar til minikonsert på Sjøperlo Hall onsdag 8.juni klokka 19.00. Etter suksessen med "Går til filmen." i april ønskjer altså KORe Vindafjord folk tilbake til ein minikonsert med tema "Nordiske perler" på Sjøperlo Hall, kultur og læringssenteret i Vindafjord.
I tillegg til denne konserten vil koret ha gratiskonsertar på begge omsorgssentra i kommunen. Tysdag 31.mai kl. 16.30 held koret konsert på Ølen omsorgssenter, og tysdag 7.juni kl. 17.00 på Vindafjordtunet i Vats. Dette for å glede dei eldre som bur der, koret har tradisjon for å halda konsertar for dei som bur på desse to omsorgssentra.

Etter det tek koret ferie og startar opp igjen med koreseminar på Stord hotell i september, tradisjonen tru. Velkommen til konsert.

Les meir om dette på Vindafjord kommune sine heimesider her. 


Suksess med jubileumskonsert



Veka før påske har KORe' Vindafjord hatt to konsertar i samband med sitt 15 årsjubileum. Onsdag kveld var det Ølen kulturhus som var arena for KORe' Vindafjord sine tolkningar av ulike kjende filmmusikksatsar. Både varaordførar Gustav Løge Fosse og einingsleiar for kultur og læring Ane Kesia Fatland kom med både gåve og gode ord.

 

Fredag kveld var det duka for konsert i Vikedal bygdahus. Dirigent Lasse Jarmer har arrangert ein god del av songane, som såg ut til å falle i smak hos dei frammøtte. Med seg på laget hadde KORe' Vindafjord dyktige musikarar. I tillegg til Lasse Jarmer på piano var Frode Kvandal med på bass og Arne Haugen på trommer.

 

Totalt var det 200 personar som fekk med seg desse to konsertane, og tilbakemeldingane frå publikum har vore veldig gode, både prestasjonen til koret, men også lyden og det estetiske.

 

Etter over to år med covid-19, og fleire avlyste konsertar, fekk altså endeleg 15 årsjubilanten KORe' Vindafjord halde konsertar, noko som verkeleg inspirerar til vidare satsing. Før sommarferien planlegg KORe' Vindafjord minikosertar med "Nordiske perler" som tema, då er det planen at begge omsorgssentera i kommunen skal får besøk av koret og i tillegg er planen å ha ein konsert i Sjøperlo-hall.

 

Takk til alle som møtte opp og støtta koret desse kulturelle kveldane før påske.


 Feirar 15 års jubileum i 2022


I år feirar KORe' Vindafjord heile 15 år som kommunalt kor. Sidan oppstarten i 2007 har koret hatt ei god gruppe på ca 25 medlemmer som har øvd jamt og trutt under leiing av vår dyktige dirigent Lasse Jarmer. Jubileumsåret vert feira med to konsertar med tema "KORe' Vindafjord går til filmen". Dei konsertane er 6.- og 8.april på høvesvis Ølen kulturhus og Vikedal bygdahus.  


Godt nyttår! 
Her er litt om planane til

KORe' Vindafjordvåren 2022

"KORe' Vindafjord går til filmen", våren 2022

Ølen kulturhus: onsdag 6. april kl. 19.30


Vikedal bygdahus: fredag 8. april kl. 19.00 (pubkveld)


NB: desse er ikkje 100% stadfesta, dersom endringar 

kjem det meir informasjon om det her og på vår FB side


NB: med forbehold i samband med Covid-19 (me kryssar fingrane)

KORe' Vindafjord på seminar....


Koret skal ha sitt tradisjonelle KORseminar på Stord hotell i slutten av september. Då skal juleprogrammet terpast på, i tillegg til songane til storkonserten "KORe' Vindafjord går til filmen"


Meir informasjon om julekonsertane og storkonserten kjem fortløpande på koret si heimeside og Facebookside framover. 

(Nils Erik Eide 09.09.21)

Klar for ny seSONG!
 

Då er koret i gong med ny seSONG, heldigvis kan me møtast og øva fysisk. Tradisjonen tru så startar KORe' Vindafjord
alltid opp med KORseminar på Stord hotell. Dette skal skje 17.-19.september.

Koret har 24 medlemmer, nokon har slutta, nye har begynt. 

Tidlegare har me annonsert at me skal ha konsert i haust, dette må me kome tilbake til med meir info. Me har endra tema frå
"Nordiske Perler" til "KORe' Vindafjord går til filmen". Det blir uansett veldig bra, de kan gleda dykk til storkonserten. Vår dirigent
Lasse Jarmer har plukka ut eit meget bra utval av songar med eminente korarrangement, nokre kjøpte og andre arrangert av 
Jarmer, himself:-) 

Følg med på vår heimeside eller på vår Facebookside for meir info om koret sine aktivitetar framover. 


Ha ein fin haust!

(Nils Erik Eide17.08.21)

GOD SOMMARFERIE! 


KORe' Vindafjord tek sommarferie etter eit spesielt år. Det har vore lite øving og konsertar for oss. Landet opna litt opp mot sommaren så me fekk lov til å ha ein månad med gode øvingar og ei flott avslutning før feiren. 

Koret har planar om å setje opp "Nordiske Perler" i haust og også våre tradisjonelle julekonsertar i utvalde kyrkjer i kommunen. Me ønskjer alle saman ein god sommarferie og ser fram til å kunne syngja for publikum igjen over ferien. Følg med på koret si Facebook-side og heimesida vår for meir info framover.... 


(Nils Erik Eide 01.07.21)

ÅRSMØTE FOR 2020

Gjennomført digitalt, 10.02.21

KORe' Vindafjord har, som alle andre, hatt eit tøft år. Det har vore lite øving og konsertar. Men, me har likevel holdt kontakten på den digitale flaten. 10.februar gjennomførte koret årsmøte på Messenger. Det fungerte veldig bra. Det blei blant anna bestemt at me ventar til rundt påsketider før me bestemmer om storkonserten "Nordiske Perler" skal gjennomførast i oktober, ellre om me skal utsetja den til 2022. Dette vil de få meir informasjon om fortløpande. Følg med på vår Facebookside og på heimesida vår. 


Koret lengtar etter å får øve saman igjen, me får kryssa fingrane og håpa at det vert opna opp for at kor kan øva saman fysisk igjen snart. 


(Nils Erik Eide 11.02.21)



Tilskot frå Haugesund sparebank



Nordiske Perler utsett til veke 40 i 2021


Det vert ikkje storkonsert med KORe' Vindafjord til våren, som me først håpte på. Koret avlyser grunna situasjonen med Covid -19, me vil vera sikre på at situasjonen er under kontroll før me inviterar til storkonsert igjen. Me kryssar fingrane for at pandemien er under kontroll neste år. Konserten vert dermed utsett til hausten, veka før haustferien, veke 40 i 2021.


Kva dagar og kor me skal ha konsertane kjem me tilbake til.


Følg med på heimesida vår eller på koret si Facebookside.


(Nils Erik Eide 04.11.20)

Julekonsertar 2020 AVLYST!


Grunna situasjonen med Covid-19 har KORe' Vindafjord bestemt seg for å avlyse dei planlagde julekonsertane i Imsland og Vikebygd dette året. Det er med tungt hjarta at me gjer dette, det er så kjekt med denne tradisjonen. Men, smittevern er i høgsetet, og me ønskjer ikkje å samle mange folk i desse usikre tidene med er inne i. 


HELSA FØRST! 


Me kryssar fingrane for at me kan arrangera julekonsertar i 2021. Meir informasjon kjem.


(Nils Erik Eide 04.11.20)

Klar for ny seSONG!


Då er ferien over og koret startar opp med ny seSONG 25.08. Koret samlar seg til øving på Sandeid skule, det er viktig at smittevernreglar vert følgde. Sidan den planlagde konserten i haust vart utsett til våren, vil det vera naturleg at koret øvar godt på juleprogrammet. Julekonsertane vert dette året i Imsland 8. desember og i Vikebygd den tiande. Me vil prøva oss på ein julekonsert på Nesheimstunet 9. desember, her vil det også bli mykje allsong saman med publikum.


Me kjem tilbake til dette med meir info på heimesida vår og på vår Facebookside. 


Nils Erik Eide 25.08.20

God ferie frå KORe' Vindafjord!


Etter ein roleg vinter/vår, grunna korona-pandemien, tek no KORe' Vindafjord sommarferie. Me startar opp igjen med øving like over ferien. Då er det juleprogrammet me skal øva på, dette fordi vår planlagde haustkonsert har blitt utsatt til våren 2021. Tradisjonen tru blir det KORseminar på Stord hotell, litt seinare i år. Det blir i slutten av november for å finspissa juleprogrammet. Julekonsertane vert dette året i Imsland 8. desember og i Vikebygd den tiande. Me vil prøva oss på ein julekonsert på Nesheimstunet 9. desember, her vil det også bli mykje allsong saman med publikum. Me kjem tilbake til dette med meir info på heimesida vår og på vår Facebookside. 


KORe' Vindafjord ønskjer alle ein god sommarferie, me ser fram til å syngja for dykk igjen.


Nils Erik Eide 21.06.20

Nordiske Perler utsatt // dato og stad for julekonsertane våre i år!


Etter planen skulle KORe´ Vindafjord hatt to storkonsertar i september med tema "Nordiske Perler". Grunna koronasituasjonen har me sett oss nøydde til å utsetja konsertane til over nyttår, nermare bestemt veke 11. Kva dagar det blir og kva bygder me skal ha konsertane kjem me tilbake til. Følg med på heimesida vår eller på vår Facebook-side framover for meir informasjon. 


Men, før dette, håpar me å kunne halda vår tradisjonelle julekonsert, som i år er bestemt skal haldast i Imslandkyrkje 08.12 og Vikebygd kyrkje 10.12. Det vil kome meir informasjon om desse konsertane også. Før dei opp i almanakken allereie no. 

Ta vare på kvarandre, på avstand om mogleg. Helsing KORe´ Vindafjord.


Nils Erik Eide 28.04.20

KORona-helsing frå KORe' Vindafjord!


KORe´ Vindafjord vil i desse koronatider helsa til alle som er med på å bidra til at me stoppar spreiinga av koronaviruset, slik at me etter kvart kan kome tilbake til kvardagen som me alle saknar så inderleg.


KORe' Vindafjord ser fram til å kunne halda konsert og gleda dykk med korsong når dette er over. Etter planen skal me halda to konsertar i september med tema "Nordiske Perler". Følg med på heimesida vår eller på Facebook for meir informasjon om dette utover.


Inntil då, ta vare på kvarandre, men på avstand om mogleg!  


Nils Erik Eide 27.03.20