Historikk
Koret blei stifta 3. oktober 2007 av Eva Kalstveit og Nils Erik Eide, begge kommunalt tilsette.
Ideen kom etter at kommunane Ølen og Vindafjord blei slått saman januar 2006. Då blei to relativt små kommunar slått saman til ein storkommune, og det var då viktig å skapa positiv blest om den nye kommunen - difor namnet KORe' Vindafjord, for å setja den nye kommunen på kartet.
Det var også viktig å sveisa dei tilsette i den nye kommunen saman - to kulturar skulle bli til ein!
Lasse Jarmer blei tilsett som korleiar og arrangerer det meste som blir framført av koret.
Me har sidan starten hatt mange oppdrag, og synest sjølve me er blitt betre og betre.
Logoen er laga av Nils Erik Eide.
Her kan du lesa invitasjonen som dei tilsette fekk. |